Fotturar

Fotturar

Folkestien, Storehesten og Fossestien er nokre av mange turar ein kan fare ​til fots.

Fløyen

Fløyen

Det er ikkje berre Bergen som har sin eigen Fløyen med flott utsikt, det har Bygstad også. Vi har riktig nok inga fløybane, men ein flott trase’ som gir god løn for strevet når du kjem på toppen. Fløyen ligg 651 moh,  frå toppen får du eit nydeleg oversiktsbilete av Bygstad og mange av dei omkringliggande fjelltoppane. Ein flott stad å gå for å kunne orientere seg litt om kva Bygstad har å tilby av flotte turmogelegheiter.

Les mer
Fossestien

Fossestien

Fossestien strekker seg 21 km frå Gaularfjellet til Viksdalen langs det varig verna Gaularvassdraget. På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn. 

Les mer
Storehesten

Storehesten

Meir enn noko anna er fjellet Storehesten det Bygstad er kjent for og folket svært stolte av. Med sine 1209 moh. er Storehesten noko av det mest augnefallande når du kjem til bygda.

Les mer
Folkestien

Folkestien

Om lag 500 m frå Lervik gard ligg ei lett tilgjengeleg trimløype, kalla Folkestien. Den er utarbeidd i samband med LHL og folkehelsa der ideen har vore å utarbeide ei mosjonsløype som kan nyttast av ei stor breidde av folket.

Les mer