Kvilestad

Utleigeperiode 01.10-10.05

Fløyen

Utanom laksesesongen ynskjer vi å tilby Lervik Gard som ein kvilestad der du kan leige Stanfordhytta eller Skomakarhuset for å falle til ro og kjenne på kvile i ditt indre menneske.

Mitt folk skal bu i eit fredeleg land, i trygge heimar, der dei sorglaust kan kvila.
Jes 32.18

Lervik Gard ligg slik til at det er kort veg både til fjord og fjell.

Turalternativa er mange, men kjenner du at kvild og mest mogeleg ro er det du treng, kan nærmiljøet og naturen rundt Lervik Gard vere nok.

Det tek deg 2 min å gå frå Stanfordhytta eller Skomakarhuset ned til elva der du kan setje deg å sjå på fossen, eller gå på ein tursti om lag 800 m utover langs med elva.

Her kan du vandre med kvilepuls, falle til ro og kjenne at Herren kjem deg i møte. 

Herren skal gi styrke til sitt folk. Herren skal velsigne sitt folk med fred.
Salme 29.11

Kvilestad er eit tilbod som vi ynskjer å legge til rette for utan om laksesesongen.

Ynskjer du å gå avsides for å søke Herren, kan dette vere eit alternativ.

I tillegg vil vi arrangere ulike helgar i form av bøn og retreat, alt med eitt formål, nære menneske inn i ein djupare relasjon til personen Jesus Kristus.