Hovedbilde for siden Fiske

Fiske

Vi kan tilby eit variert fiske for folk i alle aldrar. Fjord, vatn og elv!

Laksefiske under Osfossen har lange tradisjonar. Valdet er kjent som eit av Noregs beste laksevald. Vi kan tilby godt tilrettelagt og lett tilgjengeleg laksefiske. Vi stiller med kokk og mat, fiskeguidar og fiskeutstyr. Du kjem som du er, med dine venner og kollegaer.Det er stor variasjon på laksefiske i Gaula. Spennvidda går frå eksklusivt fiske under Osfossen til gode flugestrekk i midtre og øvre delar av elva for den meir erfarne fiskar. Dei fleste fiskehølar ligg lett tilgjengeleg til. Fiske i Gaula er ei naturoppleving, med eit frodig og vakkert landskap. Elva skiftar mellom stryk og stillare parti, avbrutt av heftige fossar.

Laksen i Gaula er forma av elva. Fire store fossar skal passerast før laksen er framme på dei beste gytestrekka i elva. Dette favoriserar den sterkaste og mest uthaldande laksen. Laksen er såleis gjennom generasjonar blitt torpedoforma med stor ryggfinn og spor. Dette gir ein fighter og ein utsøkt laks for sportsfiske.
I samarbeid med andre aktørar i Gaula, kan vi tilby eit variert og opplevelsesrikt laksefiske tilpassa ditt behov og dine ferdigheter. Vi tilrettelegg fiske for både store og små grupper.

Fiskeravgift:

Dei som er over 18 år og skal fiske etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag eller med fastståande reiskap i sjøen, må betale den statlege fiskeravgifta. Du kan betale på nettet via sida til Direktoratet for naturforvaltning.

Laksefiske under Osfossen

Hølen under Osfossen er staden der «alle» kan få laks, uavhengig av tidlegare erfaring. Fiskeretten vart kåra til den tredje beste lakseretten i Noreg av Dagens Næringsliv den 31. mai 2008.

Fisket her har lange tradisjonar og ein vandrar i fotefara til nokon av dei første engelske lakselordane som kom til Noreg. Vi kan enno sjå spor etter dei. Det tydelegaste sporet er ein 150 meter lang og over 100 år gamal steinmur som ein går på når ein fiskar øvste del av strekket frå land.

Lakseretten ligg på nordsida av elva. Den strekker seg frå Osfossen og ut mot sjøen, utløpet av elva. Retten er 700 meter lang.

Laksefiske over Osfossen

Første fiskevaldet over Osfossen, Skjæret, strekker seg frå Osen bru og 500 meter vidare oppover. Fisket vekslar annan kvart døgn mellom fiskerettshavar på nordre side, Lervik Gard, og fiskerettshavar på søndre side, Per Karsten Wahl. I august og september formidlar Lervik Gard fisket for begge fiskerettshavarane. 

Strekket kan fiskast både frå land, vading og frå båt. Øvre og midtre del av strekket er eit fint flugestrekk med markert djupål og holer der laksen står.

Nedre del av valdet er djupare og kan fiskast både med fluge og sluk.

Fluefiskekurs

Flugefiskekurs

Ynskjer du å lære eller utvikle vidare flugefiskeferdighetene dine? I samarbeid med Wangensten Flyfishing-school tilrettelegg vi kurs i flugekasting. Kurset blir helde av sertifisert flugekastarinstuktør (som er i norgestoppen i flugekasting.) Det vil bli gitt opplæring i ulike kasteteknikkar. Desse vil du få prøve ut i praktisk fiske. Du står fritt til å bruke eige fiskeutstyr under kurset, eller leige utstyr av oss.

Fiske for barn og ungdom

Kvart år blir 7. klasse blir Bygstad skule og Sande skule invitert til eit døgn med laksefiske. Dette skjer i midten av juni. Barna overnattar i teltleir ved elvebredda. I puljer på seks og seks får dei opplæring og veiledning i fiske. Dei som ikkje fiskar, går natursti med laks som tema eller tar ein tur bort i Noregs eldste laksetrapp, eller slappar av, grillar og kosar seg.
Under utfisking av oppdrettslaks om hausten, er ein ettermiddag i veka spesielt satt av for ungdomsskuleelevar.

Forvaltning

Forvaltning av laksestammen er fundamentet for å kunne tilby gode fiskeopplevingar også i framtida. Forvaltninga i elvefasen er delt i tre hovudområder.