Storehesten

Storehesten

Meir enn noko anna er fjellet Storehesten det Bygstad er kjent for og folket svært stolte av. Med sine 1209 moh. er Storehesten noko av det mest augnefallande når du kjem til bygda.

Sommaren 2006 vart det første motbakkelaupet «Storehesten Opp» arrangert. I samband med dette vart traseen til toppen svært godt merka og løypa lagt til dei lettaste partia i terrenget.

Om du ynskjer, kan du køyre på bomveg dei første 3 km til Stølshaugane. Her frå er området merka med turlaget sine T ’ar heilt til toppen. Frå Rytnetunet til toppen er det om lag 7 km.

Storehesten er ein flott topptur som dei fleste i normal god form kan gjennomføre på ein dag med fint ver. Det er mogeleg for guida turar til toppen.

Du finner mer informasjon om Storehesten her: http://www.storehestenopp.no/om_storehesten/