Folkestien

Folkestien

Om lag 500 m frå Lervik gard ligg ei lett tilgjengeleg trimløype, kalla Folkestien. Den er utarbeidd i samband med LHL og folkehelsa der ideen har vore å utarbeide ei mosjonsløype som kan nyttast av ei stor breidde av folket. Delar av løypa er tilrettelagt for rullestolbrukarar og barnevogn. Stien er ein god opparbeid grusveg i variert terreng som kan nyttast til både jogging og rolege rusleturar. Undervegs finn du fine rasteplassar der du kan kose deg med matpakken eller berre ta ein kvilepause. Gamle merkesteinar og informasjon om vegetasjon og gamle vikingfunn vil du finne på tavler etter kvart som du går rundt. Du kan variere mellom fire løyper der den lengste er 4 km. Stiane er godt merka.

Du finner mer informasjon om Folkestien her: http://www.fjordkysten.no/no/Produkt/?TLp=728603