Velkommen til tradisjonsrike og fredrulle Lervik Gard

Laksefiske, turar, rekreasjon. Ekte opplevingar. Varige verdiar.

Velkommen til tradisjonsrike og fredfulle Lervik Gard

Garden ligg i Bygstad i Sunnfjord, like ved den storslåtte Osfossen ved utlaupet av elva Gaula. Unni og Harald Lervik tok over garden hausten 2003. Dei har fire barn og har etter overtakinga av garden, arbeidd målretta mot å utvikle garden til ei turismebasert næring.
Med ein av dei beste lakserettane i landet er den eit populært mål for fiskeentusiastar i laksesesongen. Laksefiske og opplevingar i samband med det, er ein viktig del av historia som særmerkjer Lervik Gard. I tillegg driv Lervik Gard eit tradisjonelt landbruk med kjøttproduksjon. 
Ein vakker fauna med eit variert plante- og dyreliv omgjev garden. Vi kan nemne Osen naturreservat med eit yrande fugleliv, majestetiske ørner som krusar over himmelen og hjorten som snik seg tett på for å få seg litt ekstra godsaker.
Lengtar du etter ei kvile i naturvakre og fredeleg omgjevnader, er Lervik Gard ein stad å finne ro, sortere tankar, søke dei varige verdiar. Her finn du mogelegheiter for eit variert friluftsliv, for heile familien, både sommar og vinter

Historien om Lervik gard og Osfossen

Osfossen var ein av dei første fiskeplassane engelske ”lakselordar” oppdaga på 1800-talet. Engelske Sir Charles Thomas-Stanford disponerte i perioden 1897-1931 laksefisket. I 1903 skreiv han boka ”A river of Norway” der han skildrar laksefisket i Gaular.
Laksefisket i den store hølen under Osfossen ved utløpet av Gaula er ein av dei mest verdfulle i landet, og ein av dei første fiskehølane som engelske «lakselordar» kasta sine auge på då dei starta sportsfiske i Noreg midt på 1800-talet.
I 1869-71 vart den første laksetrappa i Noreg bygd på sørsida av Osfossen, slik at Gaula vart lakseførande forbi Sande. Det var den irske laksefiskaren William T. Potts som konstruerte trappa. Den har stått uendra sidan, og er framleis ei av dei mest vellukka laksetrappene i landet.

Sørsida av Osfossen – Osen gard

I 1878 kjøpte Potts Osen gard, men då han selde garden til Mo-familien i 1896, vart lakseretten skilt ut saman med hovudhuset på garden og selt til advokat Johan Gran og grosserar Aug. Wallendahl i Bergen. Dei skipa eigedomsselskapet «Aktieselskabet Osen» for eigedomane sine der. Wallendahl var grunnleggjar av det store handelshuset med same namn i Bergen. Gran vart ein av dei store «fossekjøparane» i Sogn og Fjordane kring hundreårsskiftet. 

Frå 1919 til 1934 eigde skipsreiarane Abraham og Andreas Odfjell i Bergen lakserett og hovudhus.
Lakseretten og eigedomsretten til det staselege «Rennord-huset» midt i gardstunet skifta på nytt eigar i 1934, då Dekke-familien tok kontroll, og vart gjennom slektskap overteke av Stamer-familien i i 1947. I dag er lakserettar og hus disponert av Per Karsten Wahl i Drammen.

Nordsida av Osfossen – Lervik gard

Lervik gard, som dei fleste andre gardane i området, var eit leiglendingsbruk under hovudgarden, Osen gard. Lervikslekta har vore på garden så langt tilbake som det er mulig å spore. Garden med tilhøyrande lakserett vart kjøpt fri i 1859.

Engelskmannen Sir Charles Thomas-Stanford, borgermester i Brighton, leigde fiskerettane i elva frå 1897 og fram til 1931. Han fekk i 1909 bygd seg eit eige hus på Lervik gard.  Sir Thomas-Stanford og gjestane hans kom ikkje bare for å fiske, men og for å oppleve landet. Harald Lervik (1892-1969) hadde fulltidsengasjemang i sommarhalvåret med å vere roar, kleppar, sjåfør og turguide for gjestane. I 1903 skreiv Sir Thomas-Stanford boka «A river of Norway» der han skildrar laksefisket i Gaula og folkelivet kring elva. Kona hans Ellen, Lady Thomas-Stanford, var ein ivrig fotograf, og nytta ferietida i Osen til å fotografere.

Seinare leigetakarar til fiskerettane på Lervik gard har vore skipsreiar Odfjell (1931-1945), Bjarne Johnsen (1946-1970) og British Petroleum Norge som seinare endra namn til Statoil Norge AS (1971-2006). Sesongane 2007 til 2012 hadde grunneigarane Unni og Harald Lervik eit samarbeid med formidlingselskapet FabelAktiv AS. Frå og med sesongen 2013 blir fiskerettane leigd ut direkte frå grunneigar. Fiskeretten blir leigd ut på korttidskontrakter for periodar på 2 til 14 dagar. Det er i utgangspunktet ope for alle å leige fiskeretten, men eksisterande kundar blir prioritert ved fornying av leigekontrakter.