Forvaltning
Forvaltning av laksestammen er fundamentet for å kunne tilby gode fiskeopplevingar også i framtida. Forvaltninga i elvefasen er delt i tre hovudområder:
Det viktigaste vi gjer for laksen er å sikre nok gytefisk i elva og tilrettelegge for naturleg reproduksjon ved gode gytestader og tilstrekkeleg med skjulstader for den oppveksande yngelen. Sikre nok gytefisk blir gjort ut frå eit forsiktig, prognosebasert fiske i sesongen. Det blir arbeid for å redusere vandringshindringane for laksen i elva. Til dømes vart laksetrappa i Rekvikfossen utbetra våren 2009. Det blir arbeid for å auke skjulstadane for yngel fleire stader i elva.
Ved kultivering får vi nytta områder der laksen ikkje har naturleg tilgang for reproduksjon. Fleire av sideelvane til Gaula har svært gode forhold for lakseyngel. Laks til kultivering blir gitt av fiskarar i fiskesesongen, eller fiska i etterkant av sesongen med not eller stang. Laksen blir oppbevart i eit damanlegg fram til gyting på hausten. Den befrukta rogna er i klekkeriet fram til februar/ mars, til augerognstadiet. Den blir så fordelt utover i kunstige gytegroper på bestemte stader i sideelvane.
Kvar haust blir det gjennomført eit ekstra fiske etter oppdrettsfisk under Osfossen. Dette skjer etter den ordinære fiskesesongen. Målet er å hindre innblanding av oppdrettslaks i den naturlege villaksstammen. Fisket skjer under kvalifisert veiledning, der oppdrettsfisk blir registert og avliva, medan villfisk blir registrert og satt ut igjen.