Sykkelturar

Ynskjer du å komme deg litt rundt i nærområdet, oppleve naturen og kulturlandskapet på nært hald, kan sykling vere ein aktivitet for deg. Du kan velje mellom ulike sykkelturar frå fjord til fjell, det vere seg langs den vakre Dalsfjorden vestover, eller langs med Gaularvassdraget austover der du finn fleire koseleg vegar i lite trafikkert område.

Sjølv om naturen i området er omgjeven  av bratte fjell, er det forholdsvis lette sykkelvegar. Du vil sykle i eit vakkert naturlandskap omkransa av koselege smågrender, idylliske vatn, elvar, fossar og stryk som sprenger seg fram.