Sunnfjord Museum, Førde

Sunnfjord Museum, Førde

Museet ligg i Movika like aust for Førde sentrum. Museumsområdet er ein gammal husmannsplass og ligg vakkert til ned mot Movatnet.

På museet finn du ei friluftsavdeling, der hovuddelen syner korleis livet var på ein gard og ein husmannsplass i Sunnfjord kring midten av 1800-talet. Dei 30 bygningane kjem alle frå bygdene i indre Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900.