Stien strekker seg 21 km frå Gaularfjellet til Viksdalen langs det varig verna Gaularvassdraget. På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn. Du får kjenne nærleik til elva, til stryk og fossar. Fotturen går på natursti i kupert skogsterreng i kanten av kulturmarka. Øvste delen går i fjellterreng, og passerar fleire stølar, nedste delen i eit variert kulturlandskap.
Det er klopper og bruer og lagt ut steinar og trebrett over myrete område. Stien er godt merka og tilrettelagt med fleire markerte start og stoppunkt.
Vel sjølv lengda på turen. Er veleigna for barnefamiliar.
3 mil frå Lervik Gard.