Astruptunet, Jølster

Astruptunet, Jølster

Astruptunet er eit museum via kunstmålaren Nikolai Astrup. Det ligg på garden Astrup kjøpte i 1912 på sørsida av Jølstravatnet ved Sandal i Jølster. Astrup brukte garden som inspirasjon og atelier dei siste 14 åra av livet sitt, til han døydde i 1928.

Gardsbruket er halde slik det var då målaren levde. Det stillar ut mange av verka hans og har òg ein liten kafé for dei som vitjar det. Huset og tunet er avbilda i flere av Astrup sine maleri.

I dag er Astruptunet ikkje berre ein kunstnarheim, men og ein viktig del av kunstnaren sitt livsverk. Som i bileta til Astrup, ser vi både i interiør og eksteriør korleis Astrup sin kjærleik for landskapet og plassen framleis ligg som ei stemning gjennom rom og tun.Den gamle fjøsen som eksteriørmessig glid inn i det autentiske bygningsmiljøet rommer eit moderne eldfast galleri, der publikum kan sjå ei unik samling trykkplater og bilete.

Utstillinga formidlar handverket bak Astrup sin kunst på ein måte ein berre kan sjå på Astruptunet.