Fløyen

Fløyen

Det er ikkje berre Bergen som har sin eigen Fløyen med flott utsikt, det har Bygstad også. Vi har riktig nok inga fløybane, men ein flott trase’ som gir god løn for strevet når du kjem på toppen. Fløyen ligg 651 moh,  frå toppen får du eit nydeleg oversiktsbilete av Bygstad og mange av dei omkringliggande fjelltoppane. Ein flott stad å gå for å kunne orientere seg litt om kva Bygstad har å tilby av flotte turmogelegheiter.

Frå toppen og vestover ser vi den vakre Dalsfjorden der den breier seg utover i retning Dale med  Laukelandshesten i vestkant. 

Du ser det markerte smale Svesundet der Dalsfjorden svingar seg inn mot Vikja og Tønna som sentrum i Bygstad. Mot nord ser du framsida av Storehesten i all si bredde og dertil liggande stiar som fører deg dit.  Har du tenkt å ta turen på Storhesten er det god turplanlegging  å stå på Fløyen og kunne orientere seg om turen. I retning austover forbi Bringeland flyplass, kan du skimte Jostedalsbreen i det fjerne. Turen tek om lag  2 timar. Første del av turen er på grusveg. Det er ein forholdsvis bratt veg  som er bygd i samband med Skyggeelva  kraftverk.

Dette er også ein bomveg som kan køyrast viss du ynskjer å korte ned på turen. Frå demninga til kraftverket og opp til Fløyen er det ein gåtur på rundt 30 minutt. Det er ei godt merka løype med bra stigning som får pusten opp, men undervegs er det også flotte utkikspunkt der det kan vere naturleg å legge inn ei kortare pause om du ynskjer dette. På toppen er det ein markert varde og ei panoramautsikt som løn for strevet. 

God tur!